fredag 25. januar 2013
Sivilstatus: I eit forhold.
Bekjymringar er bortkasta. For når ein minst ventar det kjem lykka deisande ned i fanget på deg. Kjærligheit kjem frå plassar som ein ikkje visste fannst.
Har fortsatt ikkje vendt meg til at det står "I eit forhold" på FB-sida mi, må berre smile for kor gong eg ser det.
Den er merkeleg denne følelsen, har ikkje kjent det på denne måten før.
Jaja, før det blir alt for sukkersøtt så er det jo mykje anna som skjer for tida. I helga er det jo symfoniorkesterkonsertar. Skulle ynskje eg var betre forbredt til dei, men etter eit par timar på øverommet i dag føler eg at eg har ganske grei kontroll på stoffet. Mykje bandaktivitetar for tida. BBB rullar på for fullt og vil spele mest muleg. Vekarevyen nærmar deg også med stormskritt, det ser ut til å bli bra. Bandet er iallefall i full sving med og øve og har mykje tøfft og noko ikkje fullt sa tøfft (men tippar det er ein god ide bak det som ikkje er så tøfft og) Så, det er ei travel tid, og oppi alt dette ein kjærast... Som sagt, eg klarar ikkje slutte å smile.
Abonner på:
Innlegg (Atom)