lørdag 24. juli 2010
Dag 10 i Basel, Fredag.
Rominspeksjon på eit hotellrom æ det kji alle som må gjennom i løpet tå livet. Mø stilte alle hotellromma mø bur på til inspekjon for befalet. Det va litt spesielt og stå på hotellgangen og vente på befalet mens vaskepersonalet dreiv på nokon andre rom i etasjen og titta litt rart på oss i det dei passerte. E stilte eit strøkent rom klart til inspeksjon og fekk komentaren "bra, fortsett" som ikkji så veldig mange andre fekk. Etter dette gikk mø te lunsj før mø tok turen opp i den salen mø hadde første massbandøvinga for å høyre på Frank Beck sine visdomsord. Sjølv om han seie mykjy det sama han har gjort før æ det fint og få repetert det. Han klarte også å få lagt inn enda eit par vinklinga på livsfilosofien sin.også æ han artig da. Då mø alle hadde vørte litt visare skulle mø ha ei gjennomføring av drillen. Sia det regna ute tok mø gjennomføringa utta våpen og instrument, inne i "gjenklanghallen" som e har valgt å kalle den. Det er den hallen der arenaen æ tegna opp, og det æ minst 5 sekunds gjenklang. Derette tok e turen tilbake til hotellet for å sløve i knappe to tima. Så va det på'n igjen med kalrgjøring te kveldens fysste drill. Denne følgte fint inn i rekka med gode drilla, men utmerka seg ikkji som noko spesieelt. Kveldens andre drill heva seg litt over den fysste, men e tru kji det va den beste her. Ein ting som e har begynt å more meg litt over æ at før nationalsangen æ det alltid eit lite opphold. Då har alle aktøradn kåme inn på arenaen og ette ei stund har heile publikum reist seg og gir ein god ståande aplaus. I det speakeren begynna å prate att set dei fleste seg, men i den andre setningen ber han publikum reise seg, og då må alle som har sett seg opp og stå ei gong te. Det bi nesten som publkum har ei liti oppvisning for uss. Det æ iallefall litt moro å sjå på at publikum bi trimma litt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar