søndag 25. juli 2010
Dag 11 i Basel, laurdag, siste dag med tattoo.
Dagen i dag har vøre veldig slitsom. Det begynte rundt klukka fire i natt, då kasta e opp. Ko som gjorde det veit e kji, men det har vøre litt sjukdom i troppen på turen. Det kan ha vøre smitte, eller det kan ha vøre noko e har ete, kem veit? Uansett bestemte e meg for at det ikkji skulle seta nokon stopper for dagens oppdrag. E stålsette meg frå morgon av sov ei god stund over revelje, hoppa over frokost (sia den mest sansynlig hadde kome oppatt uansett), og møtte opp til avmasj frå hotellet. E va ganske tungpusta i det mø kom fram te arenaen. Der hadde mø tid te puss, press og forbredelsa te dagens tattoo-parade. I løpet av denne tida klarte e å få i meg eit eple og litt vann, det ga meg litt krefter. Dette viste seg å være akkurat nok til å klare å gjennomføre paraden. Heilt utslitt fekk e skifta tilbake til m-04 og funne ein stol å synke ned på. Ette å ha fått i meg litt meir vann fekk e karra meg opp og gjort klart til kveldens første tattoo. Opningen gikk ganske greit og e tusla tilbake til hvileområdet for å synke tilbake ned i ein stol. Så va det klart for drillen og då va det å kåma seg opp att og igang. Denne drillen synest e gikk veldig bra etter forutsetningene. I tilegg te at e va ganske slapp og småsjuk mista e ein epålett, og mindre ting har satt meg ut nok te å gjera feil før, men e klarde denne drillen og utta feil. I det drillen va ferdig va det berre å gjera klar for finalen. Den må vera noko tå det tyngste e nokon gong har gjort. E hadde ingen krefter og det å blåse va umule, men e kom meg da gjennom det og fekk stabba meg tilbake til hvileområdet. Ette å ha skifta og høyrt på gardesjefen seia nokon ord om ko flinke mø æ følte e meg litt bedre og gikk for å få meg litt mat. E åt ein halv talerken med pasta og var stapp mett. Dette va utrule godt sjølv om kvalmen kom ette ei liti stund. E gikk tilbake te hvileområdet og gjorde meg klar for siste tattoo. Kvalmen låg fortsatt og ulma i det e gikk ut på opnigen. E fullførte alt utta å spela ei tone. E begynte å få att litt krefter, men kvalmen gjorde det umulig å blåse. Denne kvalmen hang forsatt i det mø sto klar for drillen. På mirakuløst vis forsvann kvalmen utta forvarsel i det dørene slo opp. E gikk utpå og gikk ein uforglemmelig drill. E kjente det brusa i heile meg og fekk gåsehud i det applausen begynte å runge. Då mø kom ut følte e meg heilt fin og va klar for finale, denne gikk ganske bra og så va alt over. Mø pakka med oss alt og gikk tilbake til hotellet. No ligg e her og orka ingenting mens dei andre æ i castbaren og feira at tattooen æ over. Litt synd å gå glipp av den, men slik æ det når ein ska bli sjuk slek utta viare. Det kjennest egentlig ut som det va kortvarig og e håpa på å fungere som vanlig i morgo. I morgo kveld starta reisa heimat mø kjem te oslo ei gong mitt på dagen på tysdag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar